Topptrimmen 2020-2022

Sippelhaugnosi
Sippelhaugnosi

Dette er femtende gongen Luster Turlag inviterer til TOPPTRIMMEN! Dei same toppane som stod i kortet for 30 år sidan, skal no få nye besøk! Du får tre somrar på deg til å finna fram til desse ti fjelltoppane som ligg spreidde rundt i heile den vide Luster kommune.

Alle postane er på plass til Topptrimmen! 

For kvar topp har me skissert korleis ein kan koma seg dit, kor lang tid det er naturleg å rekna på vegen opp og litt om kva ein ser frå toppen og undervegs. Dei nye karta som Luster Turlag fekk produsert for nokre år sidan, omfattar heile kommunen og dekker godt alle dei ti toppane. Det er likevel ofte lurt å snakka med kjentfolk før ein legg i veg.

Kortet, som kostar kr. 100, er i sal på tre stader:
SPAR på Hafslo, Sport 1 i Gaupne og hos Stein Bugge Næss på Høyheimsvik.

Topptrimmen eiga facebookside!

Postane står ute til utgangen av september 2022, og det passar best å besøka dei i sommarhalvåret, då vardane elles ofte er nedisa. Det er no raude metallboksar ein skal sjå etter, og inni vil det liggja bok til å skriva seg inn i og klyppeutstyr til å setja merke i deltakarkortet.

Me minner om følgjande:

1. Hugs på, og ta omsyn til fjellvetreglane.

2. Pass på å ha med rikeleg klede, mat og drikke.

3. Ver sikker på rutevalet før du legg i veg.

Spør gjerne kjentfolk og gå aldri utan kart.

4. Gå slik at du ikkje er til irritasjon for grunneigarane. Unngå innmark og hugs grindane.

5. På posten må du skriva namnet i boka, klyppa i kortet og skriva tidspunkt for besøket.


Kva er Topptrimmen?

Enkelt forklart er Topptrimmen den same som tidlegare, der det er om å gjera å gå på 10 toppar på tre somrar.
Alle som deltek på TOPPTRIMMEN vil få diplom som viser kva prestasjonar dei har vore med på. Dersom du greier alle ti toppane, må du passa på å ta med ein stein – ikkje større enn at han kan monterast på ein 2x4 toms tresokkel - frå ein av toppane. Deltakarkort og eventuell stein må leverast til den turlaget oppgir på nettsidene hausten 2022. Turlaget vil så sørgja for at det blir produsert ei messingplate med namnet på alle toppane og namnet på deltakaren. Ein kan velja å kjøpa berre messingplata eller få steinen montert på sokkel med plata pålimt. Messingplata vil kosta kr. 250, medan ferdig montert statuett vil kosta kr. 400.

Dei som fullfører Topptrimmen, må hugsa å levera deltakarkort og stein til den turlaget oppgir på nettsidene sine hausten 

GOD TOPPJAKT!

Dette er utfordringane i Topptrimmen 2020-22:

1. Bolstadnosi 923 moh
2. Greineggi 1849 «
3. Grøndalseggi 1423 «
4. Grånosi 1346 «
5. Kattøyra 1411 «
6. Liastølsbreakulen 1678 «
7. Nipa 867 «
8. Nordre Skagastølstind 2167 «
9. Sippelhaugsnosi 1251 «
10. Skurvenosi 1450 «

Kaldrasane
Kaldrasane Foto: Knut Røneid

BAKGRUNN:

Fellesturar i fjellet, både til stølar, høgdegardar og toppar, var det Luster Turlag satsa på dei fyrste åra. Interessa viste seg å vera stor,og mange fekk læra å kjenna andre delar av kommunen enn dei ville ha gjort utan turlaget som inspirator.

I styret kom det opp tankar om å laga eit opplegg som gjorde at folk kunne ta seg fram på eiga hand, læra seg å bruka kartet og bli kjende med fjell og toppar i heile den vide kommunen vår. Våren 1978 plukka me ut ti fine toppar, trykte klippekort og byrja annonseringa for TOPPTRIMMEN. I slutten av juni var ti boksar med bøker og klippetenger på plass i fjellet. Dei som kjøpte kort hadde så tre somrar på seg til å besøka desse ti toppane. Toppsankinga viste seg å bli svært populær, og på årsmøtet i februar 1981 kunne 94 ta imot den fyrste statuetten med stein dei sjølve hadde plukka med seg frå ein av toppane. På sokkelen var det montert ei messingplate med turlaget sin logo, toppnamna og deltakaren sitt namn inngravert.

Etter tre år, vart det tre nye år og ti  nye toppar. Så balla det på seg, slik at ein hausten 2007, etter 30 år, hadde “brukt opp” heile hundre flotte fjelltoppar i Luster. I denne perioden hadde talet på dei som hadde fullført lege på frå 120 til 174, og langt fleire haddedelteke utan å få med seg alle toppane. Nitten sprekingar hadde vore med alle åra og fått med seg 10 statuettar!

Frå 2008 valde styret i turlaget å “snu bunken” og byrja på dei ti fyrste toppane att. Interessa berre vaks, og i februar 2011 kunne heile 225 henta statuetten sin for fullførd topptrim 2008-2010!