No kan du bestille overnatting på Auserdalshytta!

Foto: Marie Sørum

No er Auserdalshytta klar for å ta deg imot!  Du kan sjå kalenderoversikt over når hyta er opptatt, og samstundes legge inn bestilling (klikk på den raude knappen).  Me vonar hytta kan bli eit kjekt turmål, og det ligg godt til rette for t.d. skileik og moro rett utanfor hytta.

Velkommen til å overnatte på Austerdalshytta på Tungestølen!

Austerdalshytta er ein del av det betente anlegget på Tungestølen om sommaren. Men på hausten, vinteren og våren er hytta ein fullverdig ubetent hytte- som ventar på deg!

Hytta er heilt ny, og sto ferdig i juli i år (2021), påfølgende vinter og vår er fyrste gong hytta er i bruk som ubetent hytte! Hytta er installert med det du treng for ei overnatting, men hugs å ta med mat og lakenpose! Det er 3 soverom med 12 sengeplassar i hytta, tørkerom og ei stor stove/kjøkken med store vindauge, så ein kan nyte synet av naturen.

Det er straum i hytta, så det er ein liten lunk når du kjem fram. Deretter er det berre å fyre i omnen og kose seg. Hytta ligg i eit fantastisk område med bre, høge fjell - rett og slett vill og vakker vestlandsnatur

Når det er snø, blir det køyrt opp skiløyper frå Veitastrond og inn til Tungestølen. Skituren er omlag 5 km i lett kupert terreng. Turen eignar seg også for småbarnsfamiliar. Om hausten og seint på våren kan du køyre fram med bil. 

Hytta er tilgjengeleg for bestilling, og du er ein garantert plass når du fyrst reiser innover. Klikk her. 

Har du hund MÅ hunden ligge ved toalettbygget.

​​​​​​​Sjå hytta på kart, eller UT.no her!

____________________________

  • Døgnpris for leige av hytta
    • kr. 1000 pr døgn frå fredag til søndag og påske, elles kr. 500pr døg
    • DNT medlemar/ikkje medlemar kr. 200/400 for overnatting
    • Overnatting ungdom 13-26 år kr. 100/200
    • Overnatting ungdom 4-12 år kr. 50/100
    • Overnatting barn 0-4 år gratis
    • Dagsbesøk ved bruk av straum og ved kr. 50/100 (betalar ikkje døgnpris)

(Eksempel: dersom dykk er 10 pers (ungdom, medlem) som nytter hytta gjennom ein helg betalar dykk 2000kr for 2 døgn, pluss 100kr pr overnatting. Dvs total sum: 4 000 kr, 400kr pr pers for 2 netter)

Utsynet frå soverromsvindauget
Utsynet frå soverromsvindauget Foto: Marie Sørum

Skrevet av Marie Sørum 21. desember 2021