Jubileumsfeiring, Luster Turlag 50- år!

Frå ein av dei fyrste breturane
Frå ein av dei fyrste breturane

Du er hjarteleg velkommen til å vera med og feira 50-årsdagen til Luster Turlag

... på Eikum Hotell fredag kveld 26. november kl. 19.00

Programmet er som følger:

- Kort årsmøte
- «Med Luster Turlag på tur i nesten 50 år» biletkåseri v/Arne Ingjald Lerum
- Dansegruppa «Passion» har oppvising for oss
- Heilt nytt og spennande orkester for kvelden spelar til ære for 50-årsjubilanten
- Middag og kaffi med stor jubileumskake!
- «Luster Turlag – frå 40 til 50 år» biletkåseri v/Stein Bugge Næss
- Presentasjon av ny og revidert utgåve av Lustrakartet og av eit jubileumshefte som i ord og bilete tek deg med på fellesturar, toppturar, byggjeaktivitet på Fivla, Fuglesteg og Tungestølen … og mykje meir

Asbjørn og Arve Bjørn Røneid leier festarrangementet og underheld med musikalske innslag.

Subsidiert pris for kvelden kr. 300 per person. Kan betalast kontant i døra eller på VIPPSNR. 71 98 42

Jubileumsskriftet, Lustrakartet og turlaget sine bøker vert å få kjøpt etter festen

Hugs å melda deg på seinast måndag 22.november, HER eller SMS/tlf. 958 74 596

Skrevet av Marie Sørum 5. november 2021