Finansieringa av sikringshytta på Tungestølen er på plass!

Luster kommunestyre og Luster Sparebank har sikra restfinansieringa av sikringshytta. Den er no sett i bestilling og går alt etter plana, vil den stå ferdig i midten av juli i år.

Det som no står att, er midlar til inventar m.m. Hytta vil ha 3 soverom og 14 sengeplassar, opphaldsrom/møterom med lite kjøkken, samt tørkerom. Dette vil gje auka kapasitet og styrke drifta av Tungestølen Turisthytte.

Hytta er vinterisolert og kan nyttast heile året!

- Luster Turlag er svært takksame for den støtta Luster Sparebank og Luster kommune no har gitt til bygginga av sikringshytta og tidlegare til 1. byggesteg. Utan støtta frå Luster Sparebank og kommunen ville me ikkje kunne bygd opp att Tungestølen Turisthytte, seier leiar i Luster Turlag, Ole Hermann Meløy.

Luster Turlag vil og få retta ein stor takk til Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Hans Nes Bygg og andre DNT foreiningar for gåvene til sikringshytta. 

Kontaktpersonar Luster Turlag: Ole Hermann Meløy, leiar i Luster Turlag, tlf 90691624


Skrevet av Marie Sørum 19. mars 2021