Nytt vertskap på Tungestølen!

Foto: Ole Schanke Eikum

Luster Turlag har no nytt vertskap på Tungestølen Turisthytte. Det nye vertskapet tiltrer på vårparten og turisthytta vil opne for gjester tidleg i juni.

Luster Turlag har no engasjert Laila Hjellvoll og Randi Bjørnbeth som vertskap på Tungestølen Turisthytte.

Det nye vertskapet tiltrer på vårparten og turisthytta vil opne for gjester tidleg i juni. Begge har lang og solid praksis i å drifte turisthotell til fjells, sist Finse 1222 der Laila har vore dagleg leiar og Randi servicemanager/NK. Tidlegare har dei jobba saman på Turtagrø Hotel. Laila bur på Åndalsnes og Randi i Gol.

Dei kjenner òg godt til DNT sin organisasjon og driftsmodell.

- Luster Turlag er svært glade for å ha fått Laila og Randi med på laget. Vi er sikre på at Tungestølen Turisthytte no er i dei beste hender og ser fram til ein god sesong, seier leiar i Luster Turlag, Ole Hermann Meløy.

Tungestølen Turisthytte er ei DNT-hytte som tilbyr servering med frukost, lunsj og middag – og overnatting for dei som ønskjer det. Anlegget har felleshus med plass til 50 personar i spisesalen, sovesel med 21 sengeplassar, servicehus med dusj, toalett og tørkerom, samt småhytte med 4-6 sengeplassar.

Til sommaren byggjer vi ei ny hytte med 3 soverom og 12 sengeplassar, opphaldsrom/møterom med lite kjøkken, samt tørkerom. Den er vinterisolert òg kan nyttast heile året.

Laila og Randi veit å nyte fine omgjevnadar.
Laila og Randi veit å nyte fine omgjevnadar. Foto: Privat

Skrevet av Marie Sørum 8. mars 2021