Samarbeidsavtale med Sogn Skisenter

Basecamp på Fivla påsken 2014.
Basecamp på Fivla påsken 2014. Foto: Elin Hansson/ DNT

Luster Turlag har fått på plass ein avtale med Sogn Skisenter om gratis utlån av randoneeutstyr til medlemmar av DNT ung!

Sogn Skisenter har 9 par ski (lengde frå 166- 171) , 9 par sko (str 38-42) og 9 par feller og stavar! Altså det du treng for å teste randoneeutstyr. 

NB: Sogn Skisenter låner berre ut mot fremsyning av gyldig medlemskap. Du kan ta med medlemskort for gjeldene år, eller last ned appen DNT medlem, og logg inn med tlf.nr. 

Ta kontakt med Sogn Skisenter for å gjere avtale om å hente og levere skiusttyret. Eigne priser for vaksne og ikkje medlem. 

Skrevet av Marie Sørum 11. januar 2021