Nytilsett i Luster Turlag 
og Sogndal Turlag

Luster Turlag og Sogndal Turlag har gått saman om å tilsette ein person i 50% prosjektstilling. Av dei som søkte jobben var det Marie Sørum (27år) som trakk det lengste strået, og vart tilsett i stillinga 1.september.

Marie er busett i Førde, og kjem til å reise mellom jobbane det kommande året. For tiden har ho full jobb i turlagstjeneste, da ho også har ein 50% jobb Sogn og Fjordane Turlag, som Prosjektleiar for barn og ungdom ved prosjektet «Ung meistring i vill vestlandsnatur» ut 2020.

Etter litt tid i turlaga har ho fått sett seg godt inn i arbeidsoppgåvene ved kontorstaden på Helgheim i Sogndal. Marie tar for seg informasjonsarbeid og profilering, dagleg oppfølging av drift og økonomi, søknadsskriving og rapportering, støtte til styret, turlagsgrupper og frivillige, samt legge til rette for aktivt og allsidig friluftsliv.

Marie Sørum er godt kjende i Sogndal, da ho har budd her i 5 år i  forbindelse med utdanning. Ho er veldig glad for å kunne nytte akkurat Sogndal og Luster som arbeidsstad!  «Tilfeldigvis» vert det fritidsinteresser som sykling, ski og klatring- som fenga, noko ein kan sei er ganske relevant i turlagssamanheng!

Ta kontakt med marie.sorum@dnt.no om du har spørsmål knytt til turlaga eller anna som ho kan være behjelpeg med, eller kom på besøk til kontorstaden på Helgheim. Marie kjem til å være i Sogndal 2 dagar i veka, fortrinnsvis Tysdag og Onsdag.

Skrevet av Astrid Kalstveit 27. oktober 2020