Fuglesteg opnar

Luster Turlag gler seg til å ta imot dagsbesøk og overnattingar i alle helga (langhelgar) frå 16.mai til og med haustferien. 

Luster turlag gler seg til å  ta imot dagsbesøk  og overnattingar i alle helgar (og langhelgar) frå 16 mai til og med haustferien. Frå 20 juni  til 9 august er det ope alle dagar. I heile perioden vert det høve til å kjøpa drikke og hellekaker mellom kl. 11 og 17. Ein kan bestille overnatting for dei nettene hyttevakt er ti stades.   I vekedagar utan hyttevakt til stades er hus og toalett stengde for å hindre spreiing av Corona-virus. Vi fyljer DNT sine Corona råd som no kort er:

  • Booking.  For å overnatte må du bestille på førehand. SMS til Kari Ødegård 48077262  fram til 20 juni og etter 8 august. SMS til Mathias Meløy 47682863 frå 21 juni til 8 august.
  • Ta med eige sengtøy, sovepose eller lakenpose.
  • Om du ikkje er familie så er det maks 5 i gruppa.
  • Nokre endra regler for matlaging og vask.
  • Det blir maks 2 grupper kvar natt.

Ta med det du treng av mat,  Fuglesteg har ikkje matvare-lager. Ver merksam på at rutinane kan bli endra på kort varsel

Skrevet av Marte Meland 11. mai 2020