Opnar Fivla over overnatting

Fivla
Fivla Foto: Anne Perlaug Fossøy

Luster turlag opnar Fivla frå 1mai. Hyttene er stengde for dagsbesøk, men det er mogleg å booke overnatting for familie eller gruppe på inntil 8 personar.

Pris for ei hytte er 1000 kr for medlemmer eller 1200 for ikkje-medlemmer. Halv pris om de tek fleire overnattingar. På grunn av Coronaviruset blir hyttene satt i karantene i tre dager etter bruk. Det blir og ekstra krav til reinhald. Ta med eige sengetøy, lakenpose eller sovepose. Turlaget melder om det no er fantastiske skiforhold i området. Booking ved telefon til Nils Oma 952 26 727

Skrevet av Tore Sønnesyn 28. april 2020