H.M. Dronning Sonja opnar Nye Tungestølen Turisthytte

Slik ser Snøhetta for seg at nye Tungestølen skal bli. Perspektiv fra det øvre tunet, med felleshuset til venstre og helårshytta rett fram.
Slik ser Snøhetta for seg at nye Tungestølen skal bli. Perspektiv fra det øvre tunet, med felleshuset til venstre og helårshytta rett fram.

H.M. Dronning Sonja vil opne Nye Tungestølen Turisthytte, fredag 6. september 2019.

  • Det er ei stor glede og ære for oss i turlaget og for alle støttespelarar for Nye Tungestølen Turisthytte, at H.M Dronning Sonja har takka ja til å vere til stades på opningsdagen, seier styreleiar i Luster Turlag, Ole Schanke Eikum.


Det er ikkje første gongen H.M. Dronning Sonja er på Tungestølen: For 31 år sidan overnatta H.M. Dronningen på Tungestølen, før kryssing av Austerdalsbreen over til Nordfjord saman med breførar Claus Helberg. Hytta H.M.  Dronning Sonja overnatta i, fekk seinare namnet Dronningselet.  

Tungestølen vart totalt øydelagt av romjulsorkanen Dagmar i 2011. Snøhetta vann den utlyste arkitektkonkurransen i 2015, og sidan har Luster Turlag tatt over ansvaret for å vidareutvikle og realisere byggeprosjektet. Sponsorane Luster Sparebank, Luster kommune, Sparebanken Vest, Sogndal kommune og Veitastrond Bygdelag har til saman løyvd 7,125 MNOK  for å kunne realisere turisthytta. Luster Turlag går også inn med 1 MNOK frå oppsparte midlar.

Takka vere mellombelse låneopptak frå Luster Sparebank og Luster kommune på til saman 4,3 MNOK, kvalifiserte prosjektet for tildeling av spelemidlar, men dette vert først utbetalt i 2020.  Prosjektet sin hovudentreprenør Hans Nes Bygg AS har sagt seg villig til å forskotere spele-midlane på 3,5 MNOK. Prosjektet med dei tre bygga Felleshuset, Servicehuset og Soveselet til ein total kostnad på over 15 MNOK, vil derfor bli realisert denne sommaren.

  • Luster Turlag er svært takksame for den rause støtta som prosjektet har fått frå våre lokale støttespelarar, og vi ser fram til at turisthytta endeleg vert realisert etter mange års innsats, seier Eikum.

For meir informasjon, kontakt styreleiar Ole Schanke Eikum (mobil 95048093)

Skrevet av Tore Sønnesyn 26. februar 2019