Molden Opp

Solnedgang på Molden, Luster
Solnedgang på Molden, Luster Foto: Birgit Eide Stenehjem

Luster Turlag er for niande gong klare med natursti på Molden Opp. I samarbeid med IL Bjørn ønskjer me å få fleste mogleg til å ta turen frå Marifjøra til Molden laurdag 16. juni.


I postkassen som står på Sviggaplassane, der vegen går over i sti, finn du svarark. På vegen opp til toppen skal du møte 12 postar. Det heng ei tong på kvar post som du kan lage hol i svararket med. Svarskjema legg du i T-postkassen på kaien i Marifjøra inna kl. 15:15. Hugs å skrive namn, adresse og alder. Under premieutdelinga kl. 15:30 vil me trekke ut 15 barn som får flotte sekkar og t-skjorter i gåve. Meir info om Molden Opp finn du på http://www.moldenopp.no/. Ta kontakt med Tore Sønnesyn, tlf. 95067300 eller e-post tore-sonnesyn@hotmail.no om du har spørsmål om arrangementet.

Turpost
Turpost Foto: Christin Sønnesyn

Skrevet av Tore Sønnesyn 11. juni 2018