Ein av dei spanande postane i Turbotrimmen denne gongen er Spørteggbu eller Hytta på Mannen.
Me fekk eit lang og flott dag med over 60 deltakarar frå Anestølen og opp til Tuftanovi og nedatt til Veitastrond.
Gode vermeldingar for søndagen. Turen går som planlagt............Søndag 12. august går turen til Tuftenovi, som er ein del av Topptrimmen. Turen startar på Anestølen, fremst i Sogndalsdalen. Derifrå er det ein lang og interessant tur i høgfjellet over til Eldedalen og Veitastrondsvatnet. Turen vil truleg ta 10 - 12 timar, så det er viktig å vere i god form.
Turlaget sin årlege kryssing av Jostedalsbreen går denne gongen frå Fåbergstølsbreen til Bødalseter, laurdag 7. juli med start i buss frå Prix Gaupne kl. 6.00.
I juli blir det fleire flotte konsertar i Fuglesteg.
Kunstnaren Guro Stokkebø Fossøy vil stille ut 25 av sine finaste bilete i Fuglesteg. Under opninga, som er søndag 1. juli kl. 14, vil Henning Lad ha ein minikonsert med songar som passar på ein slik stad, og han vil i tillegg plukka ut nokre allsangar, slik at publikum får delta. Sal av kaffi, hellekaker m.m.
Luster Turlag er for niande gong klare med natursti på Molden Opp. I samarbeid med IL Bjørn ønskjer me å få fleste mogleg til å ta turen frå Marifjøra til Molden laurdag 16. juni.
Fuglesteg opnar dørane og har servering i pinsehelga - både laurdag, søndag og måndag. Kjem du 17. mai, er det nok ei hellekake eller to å få kjøpt då og!
Invitasjon til opning av dagsturhytta Eikjabu, laurdag 12. mai kl. 13.00
Ein sprek gjeng tok fredag ein kveldstur til Vorfjellet. Ein tur på vel 500 høgdemeter i flott turterreng.
Her kjem årsmeldinga og rekneskapen for 2017, samt årsmøteprotokollen frå årsmøtet me hadde på Gaupne skule 9. februar.
Meir enn 300 var innom KDU-dagen på Heggmyrane. Det var rigga til akebakkar ved sidan av grillhytta og idrettslaget Bjørn stod for skileiken. Det var også sporløp langs langrennsløypa med spørsmål til både vaksne og born – alle som deltok fekk ein matboks med DNT sin 150 års-jubileumslogo.
I dag fekk vi påfyll av puddersnø - er du klar for årets første skitur saman med Luster Turlag?
25 born og 20 vaksne møtte sist fredag opp på lommelykttur frå gamlekyrkja i Gaupne til Judassvingen. Natursti opp og på toppen venta det tomatsuppe og pinnebrød som ungane kunne grilla seg 😊 Flott tur!
Klatreveggen på Fjordstova i Skjolden byr på utfordring for både liten og stor, og inneklatring er alltid populær aktivitet på hausten. 12 barn og 9 vaksne møtte opp på laurdag. Barnas Turlag hadde leigd inn klatreinstruktør frå Sogndal Klatreklubb til aktiviteten. Sjå fleire bilete under......
55 deltakarar møtte opp for å vera med på hausttur til høgdegardane Skåri og Rebni i Skjolden.
Rundt 150 småe og store var med då Luster Turlag arrangerte kom deg ut-dag i Engjadalen.
13 barn og 11 vaksne møtte opp då Barnas Turlag inviterte til leik i Krukla og klatring i Trollsteinen. Mange av borna var ivrige etter å klatra i Trollsteinen. Då var det godt å ha kyndig hjelp av klatreinstruktør frå Sogndal, og i tillegg lokale folk med brattkort som kunne vere med å sikra borna.
Turen frå Anestølen til Tuftanovi søndag 20. august er avlyst på grunn av usikre vermeldingar.
Grunna svært ustabilt ver, vert turen til Gruvefjellet søndag 6.8 avlyst. Denne turen fortener ein godversdag der me kan ta oss god tid til å nyte den flotte utsikta og lytte til den fasinerande historia om tidlegare tiders gruvedrift. Turen kan verte sett opp att på kort varsel seinare i haust. Dette vil bli annonsert via heimesida vår og Facebook.
Som fleire korrekt har påpeika så er det ikkje heilt samsvar mellom teksten i toppturkortet og faktisk plassering av postkassen på Kaldrasane (post 4 i kortet). For å finne postkassen så går du 699 meter frå punkt 1507 mot SØ til punkt 1499 der står den i den store varden - UTM (WGS 84) 32v 420074 6824897. Elles så anbefalar me ...