50-årsdagen til Luster Turlag

Arrangement

Dato
26. november kl. 19:00 - 22:00
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, Meeting, 50År, Luster, Jubileum
Arrangør
Luster Turlag
Dette arrangementet er over!

Du er hjarteleg velkommen til å vera med og feira 50-årsdagen til Luster Turlag

... på Eikum Hotell fredag kveld 26. november kl. 19.00

- Kort årsmøte
- «Med Luster Turlag på tur i nesten 50 år» biletkåseri v/Arne Ingjald Lerum
- Dansegruppa «Passion» har oppvising for oss
- Heilt nytt og spennande orkester for kvelden spelar til ære for 50-årsjubilanten
- Middag og kaffi med stor jubileumskake!
- «Luster Turlag – frå 40 til 50 år» biletkåseri v/Stein Bugge Næss
- Presentasjon av ny og revidert utgåve av Lustrakartet og av eit jubileumshefte som i ord og bilete tek deg med på fellesturar toppturar, byggjeaktivitet på Fivla, Fuglesteg og Tungestølen ... og mykje meir

Asbjørn og Arve Bjørn Røneid leier festarrangementet og underheld med musikalske innslag.

Subsidiert pris for kvelden kr. 300 per person. Kan betalast kontant i døra eller på VIPPSNR. 71 98 42

Jubileumsskriftet, Lustrakartet og turlaget sine bøker vert å få kjøpt etter festen

Hugs å melda deg på seinast måndag 22.november! (NB, du skal motta e-post med bekreftelse for påmelding, så hugs å fullfør påmeldingsprosessen)!

Kontaktinformasjon:

  • Stein Næss
  • Tlf. 958 74 596