Nasjonalballetten på Tungestølen

Arrangement

Dato
16. juni kl. 17:00
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer, Funksjonshemmede
Turtyper
Arrangement, Konsert, Ballett
Arrangør
Luster Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Onsdag 16. juni kl 17.00 dansar Nasjonalballetten blant brefalla på DNT-hytta Tungestølen ved Veitastrond. Nasjonalballetten dansar for Jostedalsbreen.

Nasjonalballetten tenkjer nytt i Corona-tiden, sidan det ikkje er mogleg å fylle Operaen med tilskodarar. Å danse ute i spektakulær natur tilfører dansen element som blir ein del av førestillinga, slik som vind og vær, og dette utfordrar dansarane i større grad enn inne på Operaens scene.
 

Kun gjester med førehandstinga plassar får tilgang til denne gratis balletten. På Tungestølen er det plass til 200 tilskodarar som får gleda av førestillinga, og det er Luster Turlag som tek imot bestillinga, meld deg på via knappen til høgre! Frist for påmelding er tysdag 15.juni kl 18.00.


Du treng ikkje vera medlem av DNT for å sikre deg billett. Meld deg på med namn, epost og tlf. Dersom du skal melde på fleire, så klikk på "legg til ny deltaker", og registerer dei med namn, epost og tlf. Dersom du skal melde på eit barn skriver du namnet til barnet, men nyttar eiga epost og tlf. Området opnar 16.30, balletten varer i 45 minuttar. 

Ta kontakt om du har problem med å melde deg på!

 

Nasjonalballetten på Tungestølen

Onsdag 16. juni kl 17.00 dansar Nasjonalballetten blant brefalla på DNT-hytta Tungestølen ved Veitastrond. Nasjonalballetten dansar for Jostedalsbreen. Nasjonalballetten tenkjer nytt i Corona-tiden, sidan det ikkje er mogleg å fylle Operaen med ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Bjarne Venjum