Kysthelg til Atløyna!

Fellestur

Fra dato
7. mai kl. 16:00
Til dato
9. mai
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Luster Turlag, Sogndal Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Fredag 7. til søndag 9. mai arrangerer Sogndal turlag i samarbeid med Luster turlag kysttur til Atløy og Alden. På grunn av båtskyssen til Alden er det avgrensa tal plassar på turen.

Program for helga

Fredag kveld må alle vere komne til Herland Grendahus og Camping. Det er overnatting i soverom eller ein kan sette opp telt på den gamle skuleplasssen.

Laurdag blir det tur til Alden og Den norske hest 480 moh. Skyssbåt tek oss frå Herland til Alden (om lag 15 minutt). Grunna avgrensa kapasitet på skyssbåten kan det bli til at båten går i skyttel. Første avgang er kl 10.00. Besøket på Alden blir på om lag 4 timar og ein må ha med mat/drikke på turen. På ettermiddagen/kvelden blir det arrangert solnedgangstur dersom været legg til rette for å nyte solnedgangen vest i havet.

Søndag planlegg vi å gå over Atløy frå vest til aust. Vi er innom fleire av toppane som er over 600 moh og som så lang ut i havet gjev ei strålande utsikt i alle himmelretningar. Før avmarsj er vi pakka ut av grendahuset og bilane plassert på austsida av øya, med sikte på å ta første ferga ein når frå Gjervik. Turen vil ta om 6 – 8 timar og alle må ha med mat/drikke.

 

Praktisk informasjon

Sogndal turlag har booka heile Herland Grendahus og Camping (https://www.visitaskvoll.no/overnatting/herland-grendahus-og-camping-p4950693 ) for denne helga og det er tilgang til kjøkkenfasilitetar, bad/dusj og opphaldsrom.

Transport til og frå Atløy må den einskilde (evt. kohort) ordne sjølv. Ferjerute for Askvoll – Gjervika finn du her: https://www.fjord1.no/Ruteoversikt/Vestland/Askvoll-Gjervik-Fure-Askvoll 

Overnatting skjer i eit av soveroma som er på Herland Grendahus og Camping eller i telt. Fordeling på soverom blir gjort i tråd med dei rådane smittevernreglane. Alle må ha med eigne sengeklede/sovepose.

Den enkelte må ordne mat sjølv eller saman med sin kohort. Det er daglegvarebutikk på Atløy (9 km frå Herland). Grunna smittevernereglane kan det bli aktuelt å sette opp tidspunkt den enkelte kohort har tilgang til kjøkkenfasilitetar.

- Alle må ha med håndsprit til eige bruk og munnbind til bruk i båt til og frå Alden.

- Kostandane med overnatting, utvask og båtskyss blir fordelte i etterkant av turen.

- Påmelding via nettstad innan onsdag 5. mai.

- Turleiarar er Leif Longvanes (90 64 64 24) og Reni Herland (95 89 90 21).

Kysthelg til Atløyna!

Fredag 7. til søndag 9. mai arrangerer Sogndal turlag i samarbeid med Luster turlag kysttur til Atløy og Alden. På grunn av båtskyssen til Alden er det avgrensa tal plassar ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Leif Longvanes