Avlyst MiniBaseCamp på Tungestølen

Arrangement

Fra dato
6. oktober kl. 17:00
Til dato
8. oktober kl. 17:00
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Arrangement, Basecamp, Aktivitet Klatring, Bretur, Tungestølen, Blåis, Dntung, Sosialsamvær
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, Luster Turlag , Sogndal Turlag
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Hei og hopp! Lyst til å bli med oss på tur? 

I haustferien (veke 41) har vi verdspremiere på MiniBaseCamp  frå tysdag til torsdag på Tungestølen i regi av DNT Ung Sogn og Fjordane Turlag!  

Ein MiniBaseCamp består av turleiing frå turleiarar, kjekk sosial aktivitet, bretur til Austerdalsbreen, god mat, og klatring eller fottur inn Langedalen. Denne MiniBaseCampen passar perfekt for deg mellom 14 og 16 år, som liker å vere sosial,  aktiv og ynskjer ei utfordring i vill og vakker vestlandsnatur!  

På MiniBaseCampen møter du to kjekke turleiarar, som vil følgje gruppa gjennom dagane. Du vil også møte ein breførar med mykje kompetanse, som skal vise deg rundt på breen. Vi har det du treng av naudsynt utstyr for å gå på breen! Du treng inga tidligare erfaring med verken klatring eller bre. 

Praktisk:
Deltakarane kjem til Tungestølen i løpet av tysdag ettermiddag/kveld. Det vert ingen felles mat på kvelden, difor kan det vere lurt å ta med noko lite å ete til kvelds. Det vert planlagt overnatting på Tungestølen Turisthytte i sovesal.  Du må ha med deg ein stor matpakke heimanfrå til breturen på onsdag. Vidare på onsdagen vert det middag på Tungestølen Turisthytte. Vi et frukost på hytta på torsdag, lager matpakke, pakker og ryddar- før vi reiser å klatrar rett i nærleiken av turisthytta. Etter klatring er campen over, og deltakarane drar heim på ettermiddagen.  

Synest du dette høyre kjekt ut? Begrensa tal plassar, og det er fyrstemann til mølla! Meir detaljert info, og pakkeliste kjem på e-post. 

Helsing Turleiarane

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sigrid Melheim
  • Lina Hågøy Tonheim