Vigdalsdilten

Fellestur

Dato
19. juli kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Lusterturlag, Vigdalsdilten
Arrangør
Luster Turlag
Dette arrangementet er over!

Det nærmar seg tida for Vigdalsdilten. Det skal meir til enn Corona for å setja stoppar for den. 

Som vanleg vert det sett opp transport frå Gaupne kl 9.00 søndag morgon. 

Frå Vigdalen går ein til Vigdalsstølen, der klippetonga heng klar til første klipp i deltakarkortet. Vidare på T-merka rute opp til Fivla, der kaffi og saft ventar på deltakarane. Hugs klipp i deltakarkortet her også. Etter ein god pause held turen fram over fjellet til Heggdalsvatnet,  bratt ned til Heggdalen og vidare forbi Navarsete til parkeringsplassen i Engjadalen.   

Deltakaravgift kl 150. Me ser me gjerne at du betalar med Vipps.  På grunn av Corona-situasjonen må me ha påmelding til 480 77 262, helst på sms. innan 17.7.   Hugs å skriva namn på meldinga.