Basecamp på Fivla påsken 2014 med Sogn Turlag og DNT Ung Sogn.
Basecamp på Fivla påsken 2014 med Sogn Turlag og DNT Ung Sogn. Foto: Elin Hansson/ DNT


DNT ung Luster

DNT Ung er tilbodet for deg mellom 13 og 26 år. Vil du dra på tur, sove i snøhole, ta eit klatrekurs eller fyre bål i skogen? Vil du bli kjend med nye folk eller stikke på tur med venner? Bli med oss ut på tur! 

Som DNT ung meldem får du ungdomsrabatt på hytteovernatting,og du har moglegheit til å låne utstyr gratis hos dei fleste medlemsforeningane!

Ta kontakt med marie.sorum@dnt.no om du har ein god ide, ynskjer å være med på tur, eller ynskjer å bidra i DNT ung Luster!


GRATIS UTLÅN AV SKIUTSTYR

Luster Turlag har fått på plass ein avtale med Sogn Skisenter om gratis utlån av randoneeutstyr til ungdomsmedlem av Luster Turlag. Sogn Skisenter har 9 par ski (lengde frå 166- 171) , 9 par sko (str 38-42) og 9 par feller og stavar! Altså det du treng for å teste randoneeutstyr. 

NB: Sogn Skisenter låner berre ut mot fremsyning av gyldig medlemskap. Du kan ta med medlemskort for gjeldene år, eller last ned appen DNT medlem, og logg inn med tlf.nr. 

Ta kontakt med Sogn Skisenter for å gjere avtale om å hente og levere skiusttyret. Eigne priser for vaksne og ikkje medlem. 

Foto: Jette Bergfjord

DNT ung Luster si historie
I 2009 stifta Luster Turlag ei eiga ungdomsgruppe. Målet vart å leggje til rette for fleire aktivitetar for ungdomar i alderen 13-26 år. 7. februar same år var det opning av ung-gruppa med akekveld på Røneid. Seinare har aktivitetsnivået auka på, og i dag er det mellom 10-15 årlege aktivitetar for denne aldersgruppa.

11.-14. mars 2010 var Luster Turlag, saman med Sogn og Fjordane Turlag, vertskap for landsmøtet til ungdomsgruppa til DNT. Flotte ungdomar frå heile landet inntok Luster, og deira engasjement og positivitet smitta over på oss. I 2011 vart ung-gruppa tildelt den gjeve Slingsbyprisen i Utladalen.

Logo DNT UNG Luster
Logo DNT UNG Luster

Ynskjer du ei utfordring og er mellom 13 og 18år?
​​​​​​​Bli med på BaseCamp - me kan friste med spennande aktivitetar og mykje sosialt!

Sogn og Fjordane Turlag arrangerer årleg tre BaseCampar (BC) for ungdom 13 til 18år, der to av dei er lokalisert i Luster. På BaseCamp får du testa ut mange ulike og friluftslivsaktivitetar på ei lita veke. Dette kan vere alt frå klatring, havkajakk og bretur til fotturer, teltliv og koselege kveldar rundt bålet.​​​​​​​

Alle i aldersgruppa 13-18år kan melde seg på, og det vert ikkje sett spesielle krav til ferdigheiter eller forkunnskap om friluftsliv. Campane varar frå måndag til og med fredag. Turlaget har eller leiger alt utstyr som trengs. Under BaseCamp har me ein fast leirstad der me bur på hytte eller søv i lavvo, og syter sjølv for matlaging.


Sommar- BC Sommar på Tungestølen i slutten av juni vert det mellom anna brevandring, uteklatring, kajakkpadling og fotturar.

Kommande aktivitetar for ungdom

Ingen kommende aktiviteter.