Kajakk

Kajakk
Kajakk Foto: Melchior Kalhagen

Me har i dag 10 single kajakkar og 3 doble kajakkar.  Medlemmar i Luster Turlag/ DNT kan nytte kajakkane gratis. For ikkje-medlemmar kostar det 100 kr per tur. Kajakkane har ror som vert styrt av pedalar. Desse pedalane kan ein justera etter kroppslengde. Gjer dette medan du ligg ved land.

For eigen tryggleik har me sett opp nokre reglar for bruk av kajakkane.

For urøynde padlarar gjeld dette:

Padle aldri åleine. Hald dykk nære land. Bruk tørrdrakt dersom vasstemperaturen er lågare enn 10ºC. Ta alltid med eit sett turre kle i lasterommet på kajakken. Unngå å padle i kraftig vind.

Dette gjeld for ALLE som nyttar kajakkane:

Bruk flytevest. Bruk tørr/våtdrakt ved låge vasstemperturar. Dersom du padlar åleine må du kunne eigenredning, ha med pumpe og årepute. Skriv namnet ditt på lista, kva kajakk du nyttar og kor du har tenkt deg. Legg utstyret slik du fann det og lås naustet etter deg.

For padling med born:

Born skal nytte redningsvest (med krage). La borna padle foran ein vaksen. Padling er ein flott aktivitet, men det kan også vera farleg. Den største risikoen er knytt til å gå i vatnet og verta nedkjølt. Nedkjøling i vatn tek berre nokre minuttar slik vasstemperaturen er haust, vinter og vår. Bruk difor tørrdrakt ved låge vasstemperaturar! Det er viktig å læra seg korleis du raskt kjem opp att i kajakken etter ein velt. Eigenredning og kameratredning kan du læra på kurs eller øve på sjølv ein sommardag. Dersom spørsmål kontakt Einvald S. Erichsen tlf 91 51 68 19. 

GOD TUR!

Kajakknaustet

Kajakknaust
Kajakknaust Foto: Tore Sønnesyn