Våre hytter

Fivla
Fivla Foto: Tore Sønnesyn

Fivla

Turlagshytta til Luster Turlag, Fivla er open for førehandstinga overnatting.

Det er mogleg å booke overnatting for familie eller gruppe på inntil 8 personar.

Booking ved telefon til Nils Oma 952 26 727 Betal på førehand, bruk Vipps nr 688929. 

Sjå prisar her  

***********************************

Fivla er ein gamal fjellstøl som vart nytta av gardar på Høyheimsvik og Nes heilt nede ved Lustrafjorden. Hytta består av to hus med 12 senger i kvart, pluss ein del madrasser. Hytta egner seg godt til skuleklassar/grupper. Det er dyner og puter i sengene så du treng berre ta med lakenpose eller evt. sovepose. Fivla ligg fint til over skoggrensa på ruta mellom Vigdalsstølen og Navarsete i Breheimen. Rett over ligg utsiktstoppen Fivlenosi (1466 moh.) der ein har heile Jotunheimen og mykje av Breheimen framfor seg. Begge hyttene står ulåste og kan brukast heile året. Vanlegvis held skiføret seg fram mot 1. mai.


Vekommen!

Husa i Fuglesteg
Husa i Fuglesteg Foto: Stein Bugge Næss

Fuglesteg

Luster Turlag gler seg  til ein ny sesong!
Her finn du oversikt over datoar med hyttevakt i 2021.Klikk her 

Ein må bestille og betale overnatting på forehand. Dette gjer ein ved å sende SMS til Kari Ødegård 48077262. 


Steinstova er i tillegg ei ubetjent hytte etter DNT- standard for overnatting.

Kom til Fuglesteg, nyt turen og den flotte utsikten!

Les meir om Fuglesteg her! 


Velkommen opp! 

Tungestølen
Tungestølen Foto: Luster Turlag

Tungestølen

Sjå Tungestølens eiga heimeside!

Turisthytta er eigd av Luster Turlag og vert driven som ei betjent DNT-hytte og kan tilby frukost, lunsj og middag for overnattande.

Dagsbesøkande er også velkomne til å få seg eit måltid på hytta. Det er køyreveg/bomveg heilt fram til hytta, og hytta er også tilrettelagt for at rørslehemma skal nytte fasilitetane.

Bilar for rørslehemma kan parkere opp ved hytta, andre kan setje av passasjerar ved turisthytta for så å parkere nede på parkeringsplassen på “elvesletta”.

Bestillingar av overnattingar kan gjerast på e-post tungestolen@dnt.no

Les meir om Tungestølen på ut.no, og følg med på vår FB- side!

Vi ber alle gjestar ta omsyn til naturen og beitande dyr i området, spesielt minnar vi om at det er bandtvang for hundar.


Velkommen til Tungestølen!

Prisar på Fivla og Fuglesteg (Tungestølen har eigne prisar)

Medlem DNT/Ikkje medlem
Dagsbesøk 40,-/50,-
Overnatting vaksnekr. 200,-/400,-
Overnatting ungdom 13-26 år kr. 100/kr. 200,-
Overnatting born 4-12år(saman med føresette) kr.50/ kr. 100,- 
Overnatting born 0-3år (saman med føresette)Gratis /Gratis

Vipps Fivla: 688929

Vipps Fuglesteg: 690245

​​​​​​​
eller, legg pengar i konvolutt med namnet ditt på og skriv kva beløpet gjeld, eller skriv namn, adresse og kontonummer på konvolutten og ta med deg giro og betal på nettbanken. 

Betalinga dekker bruk av gass, brensel, lys, reinhald og generell slitasje. NB! Pass på å vaska og rydda fint etter deg og hugs å stengja av gassen før du går. Sjekk at dørene er stengde som når du kom!

Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med turlaget for spesialpris.
Fuglesteg: Stein Bugge Næss   tlf. 95 87 45 96    e-post: stein.naess@luster-fjordhytter.com
Fivla: Ingeborg Flaten   tlf. 91 77 37 71   e-post: ingeborgflaten@hotmail.com