Barnas Turlag

Me ønskjer å vere ein aktiv pådrivar for å fremje friluftsliv som varig livsstil allereie i barne- og ungdomsåra. Friluftsliv må lærast, og

formidling av kunnskap og gode haldningar til naturen er viktig.

Ei arbeidsgruppa med Knut Røneid, Christin Sønnesyn og Tore Sønnesyn starta i 2005 opp arbeidet med å etablere eit tilbod for dei minste i Luster Turlag (0-12 år). Målet var å gje barn og unge varige, positive haldningar til naturen gjennom leik og enkelt friluftsliv. Opningsturen gjekk til Mosaviki i Solvorn 5. juni 2006. Dette var starten på ei positiv utvikling for Luster Turlag; både i tal medlemmer og i tal aktivitetar.

I dag er over 20 % av barna i Luster med i Barnas Turlag, og me har omlag 20 aktivitetar for denne gruppa kvart år. Me dreg på skiturar, klatrar, lagar mat på bål, o-løp, padlar, stølsturar, fisketurar og mykje anna. I tillegg til dei tradisjonelle turane har Barnas Turlag vore aktive i etableringa av naturstiar, klatrejungel og samarbeider med Luster commune om folkehelsearbeidet i kommunen.

Luster Turlag har lenge hatt eit ønskje om å vere med å bidra til at barn og unge blir meir fysisk aktive, samt at dei får auka kunnskap om natur og friluftsliv. For å lukkast med dette, er me avhengige av at det blir gitt eit godt tilbod i barnehagane og skulane. Der når vi alle barn, ikkje berre barn av friluftslivsinteresserte foreldre. Friluftslivskompetansen og interessa til dei tilsette i skulane og barnehagane er heilt avgjerande i forhold til korleis dei legg til rette for leik og læring ute.

Gjennom eit samarbeid med villmarksmannen Trond Strømdahl, hadde me våren 2011 eit inspirasjonskurs i friluftsliv for lærarar og barnehagetilsette i Luster. Målet var at skulane og barnehagane i Luster skulle få auka kunnskap om korleis dei kunne bruke friluftsliv og natur meir i undervisninga. Strømdahl skriv i sin evaluering av kurset at "Jeg føler meg trygg på at Luster Turlags beundringverdige initiativ til dette kurset vil bidra til en positiv smitteeffekt om: Det rike liv med enkle midler, og at dette vil komme barn og ungdom i deres kommune til gode."

I dag er Barnas Turlag ein svært viktig del av Luster Turlag.

Styret i Barnas Turlag

2006-2008

Tore Sønnesyn (leiar) Christin Sønnesyn Knut Røneid

2009-2010

Tore Sønnesyn (leiar) Knut Røneid Kari Ingeborg Bukve

2010-2011

Tore Sønnesyn (leiar) Kari Ingeborg Bukve Einvald Erichsen

2011-2012

Kari Ingeborg Bukve (leiar) Einvald Erichsen Inga Reidun Sjøthun

2013-

Kari Ingeborg Bukve

Barnas Turlag på O-løp
Barnas Turlag på O-løp Foto: Tore Sønnesyn
Turbo Fjellrev er maskot for Barnas Turlag. Turbo har eigne sider i Fjell og Vidde og får dagleg inn teikningar og turtips frå barn over heile Noreg.

Ingen kommende aktiviteter.