Tungestølen Turisthytte søkjer nytt vertskap! 

Tungestølen i Jostedalen. Tatt seint september 2019.
Tungestølen i Jostedalen. Tatt seint september 2019. Foto: Ole Schanke Eikum

Opplev ein spennande og aktiv sommar som vertskap på Tungestølen Turisthytte! Det blir oppstart i juni 2021 og drift til og med haustferien, men med høve til reduserte opningstider om hausten. Vi søkjer deg/dykk som vil gi våre hyttegjester gode opplevingar i storslått natur.  Vi ynsker eit vertskap som tenkjer seg å drive hytta fleire sesongar framover. Jobben passar godt for eksempel for eit par eller gode venner som kan drive hytta i lag.

Nye Tungestølen Turisthytte har vore i drift frå sommaren 2020, og vi er godt nøgd med drifta den første sesongen. Det er ei DNT-hytte som tilbyr frukost, lunsj og middag både for dagsbesøkande, og dei som ønskjer å overnatte. Det er køyreveg fram til hytta – 5,5 km frå Veitastrond, og hytta er tilrettelagt for rørslehemma.

Tungestølen Turisthytte består av Felleshuset, Servicehuset, Soveselet og ei Småhytte. Matsalen i Felleshuset har kapasitet til 50 personar, og i tillegg er det ei peisestove med fleire sitteplassar. I Soveselet er det 21 sengeplassar i 4 høgder. Småhytta har plass til 4 - 6 personar i køysenger. Servicehuset er utrusta med dusj, toalett og tørkerom.

 Vi ønskjer at vertskapet vårt

  • er opptekne av god service og godt mattilbod
  • trivst med menneske kring seg
  • beherskar dagleg drift av tekniske anlegg på turisthytta
  • har interesse for drift av turisthytter, reiseliv mv.
  • har evne og vilje til å stå på i periodar med mange gjester


Vi er opptekne av eit godt mattilbod, basert på lokale råvarer og mattradisjonar. Vertskapet bør derfor ha erfaring og interesse for matlaging, og helst bakgrunn som kokk. Lokalkunnskap er ikkje eit krav, men vil bli vektlagt saman med andre kvalifikasjonar. Den som blir vertskap på Tungestølen må etablere eige driftsselskap. 

Sjå meir om tungestølen her.

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Bjarne Venjum, tlf 907 24 759 eller Ole Hermann Meløy tlf 906 91 624 i Luster Turlag.

Søknaden vert å sende til e-postadresse: lusterturlag@gmail.com

Søknadsfrist 7. januar 2021 

Skrevet av Marie Sørum 15. desember 2020