Opptur for 8.-klasse i varmt og fint ver

Vellukka OPPTUR for 8.-klassane i Luster.  Tilsaman 70 elevar og lærarar var med denne gongen.

Alle samla på Lø
Alle samla på Lø Foto: Arne Fossøy

Frå turlaget stilte Arne Fossøy og Elisabeth Dahle.Som vanleg gjekk turen frå Gaupne sentrum,- opp Sandviksberget til Engjadalen, med ein stigning opp til ca 540 moh. Vidare forbi garden Råum som ligg høgt og fritt med fin utsikt, og bratt ned Råaberget til bilvegen. Heile distansen er på 13 km ifølgje GPS-spor. Flott innsats av ungdomane!

Svein stilte med frukt i år også
Svein stilte med frukt i år også Foto: Arne Fossøy

Svein Nybø stod klar med frukt til ungdomane på Råum og det gjekk unna...Svein er pensjonist og har vore med oss på OPPTUR i mange år.

Luster Turlag sin hovudsponsor, Luster Sparebank, har vore med og sponsa luer, og Hansa bryggerier avd. Olden har sponsa Olden vatn til deltakarane. Tusen takk!
I tillegg får 3 elevar sjansen til å delta på Sogn og Fjordane Turlag sin BaseCamp sommar på Tungestølen 27.juni-1.juli. Luster Turlag sponsar desse. Sjå nokre fleire bilete under.....

Klart til start etter matpause
Klart til start etter matpause Foto: Arne Fossøy
Samling på Råum
Samling på Råum Foto: Arne Fossøy
Fellesbilete på veg ned frå Råum
Fellesbilete på veg ned frå Råum Foto: Arne Fossøy