FIVLEHELGA - Nokre få trossa veret

På veg til hyttene på Fivla i vind og snøråk
På veg til hyttene på Fivla i vind og snøråk Foto: Stein Bugge Næss

Turlaget hadde lova varm hytte på Fivla denne helga. Tungt skiføre og vind gjorde til at berre ein liten flokk med tøffingar tok turen opp.

Triveleg på hytta med god mat, yatzy og kortspel til langt på kveld.
Triveleg på hytta med god mat, yatzy og kortspel til langt på kveld. Foto: Stein Bugge Næss
Dei yngste laga både snøholer i snøskavlen og spretthopp bak hytta, sjølv om det bles og snøa i 4 minusgrader.
Dei yngste laga både snøholer i snøskavlen og spretthopp bak hytta, sjølv om det bles og snøa i 4 minusgrader. Foto: Stein Bugge Næss
Etter lunch, oppvask og rydding av hytta søndag, bar det ut i laussnøen att. Det vart ein del mjuke fall på vegen nedatt til Vigdalen!
Etter lunch, oppvask og rydding av hytta søndag, bar det ut i laussnøen att. Det vart ein del mjuke fall på vegen nedatt til Vigdalen! Foto: Stein Bugge Næss
Denne helga var det ikkje så freistande å ta turen, men hyttene ligg der klare til å ta imot gjester, så set av ei finvershelg no framover til eit Fivle-besøk!
Denne helga var det ikkje så freistande å ta turen, men hyttene ligg der klare til å ta imot gjester, så set av ei finvershelg no framover til eit Fivle-besøk! Foto: Stein Bugge Næss

Skrevet av Ingeborg Flaten 22. februar 2016