Måneskinstur til Dueskardvarden (986 moh)

Dueskarvarden
Dueskarvarden Foto: Sogndal Turlag

Dette er ein fin og heller lett skitur der me samarbeidar med Sogndal Turlag. Om fullmånen viser seg kan dette bli ein heilt spesiell opplevelse. Frå Dueskard er utsynet vidt over fjordarmar og fjell, og heilt magisk om veret er klårt. Me går i lett stigning til stølen Lingesete og vidare utover til varden på Dueskardhøgdi. Hugs hovudlykt, varm drikke og niste!  Bli med oss på ein flott kveldstur!

Start frå Haukåsen kl 20.00 (NB! Merk tida!) Avreise for samkøyring frå Gaupne v/Prix/Rådhuset kl.18.50, Galden Yx kl.19.10 og Allmenningen Sogndal kl.19.30

Turleiar: Marte Kviberg mob.: 907 88 354 Kjentkvinne: Elisabeth Dahle mob.: 928 19 516 

Skrevet av Tore Sønnesyn 20. januar 2016