Introkurs i Kajakk, i Vedviki

Foto: Toril M Mulen

Torsdag, 16.juni gjekk det andre introkurset i havkajakk, arrangert av Sogn og Fjordane Turlag for sesongen. 

Fort gjort å ha litt sommarfuglar i magen før ein skal deltake på kajakkurs. Men det går som oftast mykje betre enn ein fryktar! Det var berre breie glis på denne blide gjengen i Marifjøra- seier Toril M Mulen, sertifisert instruktør og frivillig i Sogndal Turlag. 

Syv deltakarar har no ferske våttkort etter vel gjennomført kurs. På kurset lærte dei korleis dei kjem ut av kajakken om ein veltar, og korleis ein kjem opp att med kameratredning. Takk for god innsats av kurshaldar Toril, som kvar gong klarer å gjere kurset til ein positiv oppleving for deltakarane!

Skrevet av Marie Sørum 20. juni 2022