Opningstider Fuglesteg 2022

Foto: Ole Gudmund Bjørk

Etter to sesongar med koronarestriksjonar, håper me på ein vanleg og god sesong att!

Hyttevakt og enkel servering i helgene:

Mai: 14.-17., 21.-22., 26.-29.
Juni:
4.-6. (pinse), 11.-12. og 18.-19.
August: 20.-21., 27.-28.
September: 3.-4. og 10.-11.

I sommarsesongen er det hyttevakt og open kafe med servering av hellekaker m/rømme og syltetøy og kaffi/te/saft i perioden 25. Juni til 14. August. Til andre tider i sesongen 1. mai til 1. november kan du låsa deg inn med DNT-nøkkel.

Les meir om Fuglesteg her!

Overnatting
Alle er velkomne til overnatting, men er de familiar eller grupper, må de bestilla på førehand for å vera sikre på å få plass.

Fram til 25. juni og etter 14. august tek de kontakt med Kari Ødegård på telefon 480 77 262( gjerne SMS) eller e-post: kaoe2@online.no.

I høgsesongen 25. juni til 14. august tek hyttestyrar Mathias Meløy imot bestilling på SMS 476 82 863

Minner om at det ikkje er matlager i Fuglesteg, men alt utstyr som trengst til matlaging er på plass. Hugs å ta med drikke til turen opp.

Betaling
- Gjerne med VIPPS
- Kontantar kan du leggja i konvolutt og skriva utanpå kva det gjeld. Legg konvolutten i pengekassen
- Ta med bankgiro og betal i nettbank. Hugs å skriva på blanketten/i merknadsfeltet kva betalinga gjeld

Dugnadshjelp: Utover i sesongen treng me av og til dugnadshjelp til diverse arbeid i Fuglesteg. Det kan til dømes vera drift ei helg, måling, stirydding, slått eller berehjelp. Har du lyst til å vera med? Meld frå til Kari Ødegård på telefon 480 77 262 (gjerne SMS)


Foto: Stein Næss

Skrevet av Marie Sørum 5. mai 2022