Fjellbøker og kart til sals

Bøker og kart til sals
Bøker og kart til sals Foto: Ingeborg Flaten
Luster Turlag har gitt ut to bøker og ei kartmappe. Under ser du korleis du kan få kjøpt dei.

Luster Turlag si jubileumsbok UT i Luster som var gitt ut til 40- årsjubileet inneheld masse flotte biletet frå turar i vår fjellrike kommune gjennom 40 år.

Framleis til sals er også boka LUSTRAFJELL - om fjell og fjellfolk i Luster. Dette er ei praktbok, rikt illustrert med flotte bilete frå den vakre og ville Lustranaturen.

Begge bøkene får du kjøpt kjøpt hos Luster Bok AS i butikksenteret Pyramiden i Gaupne og hos Stein Bugge Næss, Høyheimsvik tlf. 95 87 45 96.
Vil du ha boka tilsendt kontaktar du Stein på telefon eller e-post:
stein.naess@luster-fjordhytter.com.

Lustrafjell kostar kr. 250,- , og UT i Luster kostar kr. 400,-  PAKKEPRIS!!!  Ved kjøp av begge bøkene (UT i Luster og Lustrafjell)  får du dei for kr. 500,-

Luster Turlag har for sal ei kartmappe som inneheld fire kartsider i målestokk 1: 50000 og eit informativt hefte med interessant stoff for dei som er vegfarande i kommunen og for dei som vil ut og vandra i fjella våre.

Dette er det beste vandrekartet som er produsert for Luster og er å få kjøpt for kr. 290,-  hos Luster Bok AS i butikksenteret Pyramiden i Gaupne, i Fuglesteg og hos Stein Bugge Næss, Høyheimsvik tlf. 95 87 45 96.
Vil du ha kartmappa tilsendt kontaktar du Stein på telefon eller E-post:
stein.naess@luster-fjordhytter.com

Skrevet av Tore Sønnesyn 17. november 2015