Flott musikk, god mat og
ny leiar i Luster Turlag!

Det vart ein kjekk kveld med jubileumsfest for Luster turlag sine fyrste 50 år på Eikum Hotell 26.november

Om lag 80 personer var med på feiringa av jubileet til Luster Turlag. Det var inviterte frå andre turlag, samarbeidspartnarar og frivillige eller medlem i Luster Turlag i løpet av dei siste 50 åra! 

Ny leiar i Luster Turlag
Kvelden begynte med eit kort årsmøte. Styreleiar Ole-Herman Meløy leia årsmøtet gjennom årsmøtesakene. Om du ynskjer å lese referatet kan du klikke her. ​​​​​​​Leiar i valnemnda, Tore Sønnesyn, leia valet og turlaget fekk da ein ny leiar, kasserar, og to styremedlem. Oddstein Haugen trer inn i vervet som leiar frå 4.april, 2022. 

Dans og musikk
Etter formalitetene kring årsmøtet, overtok  Asbjørn Røneid leiinga av jubileumskvelden. Innslag av dans frå dansegruppa "Passion",  fem flinke lokale musikarar underheldt med fine innslag både før og etter middagen. Eikum Hotell var ein flott arena for jubileumskvelden, og hadde pynta lokalet med lys og julepynt. Dei serverte også nydeleg mat, kjøttkaker og svinesteik. Midt i blinken for turfolk. Jubileumskaka fekk me laga til av Spar Gaupne, ei svær marsipankake som vart pynta med mellom anna bilete av hyttene til turlaget.

Arne Ingjald Lerum synte fram fleire bilete frå turlaget sine fyste turer, og Stein Bugge Næss kunne syne bileter frå dei siste 10 åra -samtidig som han kunne fortelje om eit nytt bokhefte, som suppelement til Ut i Luster- boka, og nytt revidert kart over Luster Kommune. 

Gåve til jubilanten
Ordføraren i Luster Kommune, Ivar Kvalen, kunne gratulere turlaget med gode, motiverande ord. Turlaget og kommunen har eit godt samarbeid. Også Luster Sparebank, Sportsbui Gaupne og nabo-turlaga Sogndal Turlag og Indre Sunnfjord Turlag hadde med kjekke gåver til jubilanten. 

Heidersmedlem
I løpet av dei fyste 50 åra til Luster Turlag er det nokon som har brukt meir av tida si på turlaget enn andre. Alikevell vil det aldri bli heilt rettferdig. Styret hadde vedteke å utropa nokre av desse eldsjelene til heidersmedlemar av laget.  Stein Bugge Ness, Arne Fossøy, Anders Johnsen, Ingeborg Flaten og Kari Ødegård fekk diplom for framifrå innsats for turlaget dei fyrste 50-åra. Med diplomet følgjer gratis overnatting på alle Luster Turlag sine hytter. Gratulerer! 

Takk for ein kjekk kveld!

Skrevet av Marie Sørum 30. november 2021