Full klaff opp skyttarpiggen

Foto: Anne Kari Nes

Full klaff da dei 22 deltakarane fekk lufte seg på turen opp Skyttarpiggen, den ikoniske toppen opp bak Tungestølen. 

Ingenting å sei på været da 22 tobeinte og ein firbeint starta frå Tungestølen kl 10 og nådde Skyttarpiggen etter ca. 3,5 timar. Sidan været var flott og vi var greit innanfor tidsskjema vart det også ein tur opp til høgaste punktet Skyttarnovi på 1597 moh.

Som vi ser av bileta er turen luftig og utsikta flott.

Etter turen vart det 3 retters middag på Tungestølen Turisthytte DNT for 9 av deltakarane. Ein flott avrunding på ein super turdag!

Heile turen vart unnagjort på ca 7,5 timar


Helsing turleiarane Anne Kari Nes og Arne Fossøy

Tekst og foto: Anne Kari Nes (nokre bileter av Einar Fjøsne)

Skrevet av Marie Sørum 29. august 2021