Ny bru under Hanafossen!

Foto: Stein Bugge Næss

Fredag 28.mai var ein stor dag for Luster Turlag. Etter fleir år utan bru under Hanafossen vart det endeleg på plass ein ny!

Feigefossen og Hanafossen i Feigedalen er spektakulære å sjå på.  No er naturen og turen i Feigedalen endå meir tilgjengleg. Ein dugnadsgjeng på 4 personar gjorde seg sjølv og matrealene klare til helikoperløft. 

"Ein stor dag for Luster Turlag"- Seier Stein B. Næss, organisator og dugnadspersonell. Etter tre timer effektivt arbeid og snekring kunne fyrste person gå over ferdig bru. 

Spesiell takk frå turlaget til Anders Johnsen for stor førehandsinnsats, omtrent alt som vart frakta opp var laga klart på førehand, slik at det berre var å skru det saman. En stor takk også til Luster Energiverk og Nils Oma for stolpar og frakt til Sørheim!

Ynskje om rundtur

Det er ikkje lett å finne stien, lenge siden det er gått folk i feigedalen, og det er heller ikkje beitedyr som held skogen nede., derfor har stølsvegen delvis attgrodd. Derfor må du væra obs, og forberedt om du legger ut på tur opp mot brua. Det er vanskeleg å finne stien, og det er for det mesta kratt og skog (å Bergheimssida er det flott sti heile vegen) Luster Turlag har eit ynskjer om å rydde stien, og få til ein rundtur!

Me treng folk til dugnadsinnsats for å rydde stien. Ta kontakt med oss om du ynskjer å bidra! 

Sjå bileta frå dugnadsinnsatsen! Eit godt stykke arbeid. Tusen takk til alle som har bidratt!


Skrevet av Marie Sørum 3. juni 2021