Kronerulling til inventar og utstyr

Foto: Illustrasjon: Snøhetta

Arbeidet med å byggje Sikringshytta på Tungestølen er godt i gang og slik det ligg an no, vil den stå ferdig tidleg i sommar. Sjølve hytta er finansiert, men det står igjen å skaffe midlar til inventar og utstyr!

For å bidra, send  på VIPPS:  691333 eller kontonummer: 3785 14 11632

Hytta er vinterisolert og kan nyttast heile året - av alle! Hytta har 14 sengeplassar fordelt på tre soverom og hems, opphaldsrom/møterom med eit lite kjøkken, og tørkerom. Frå opphaldsrommet har du flott utsikt mot Nystølen og Langedalen.  

Me ynskjer at hytta skal vere for turfolk og bygdefolk, men og for lag/organisasjonar samt skular i Luster, Sogndal og elles. Den er eit perfekt utganspunkt for å oppleve naturen, sosialt samvær, opplæring mm. Det er enkel tilkomst til hytta, 5 km veg frå Veitastrond. Om vinteren er dette ein forholdsvis lett skitur - eller ein kan leige snøskuter til å køyre seg fram.    

Estimert kostnad, om lag kr 150.000,-. Vi håpar og trur mange vil bidra med litt – så vi kan få ei fullt utstyrt hytte til hausten. Om du ynskjer å finansiere bestemte ting, ta kontakt med Luster turlag v/hyttestyret:

  • Bente Helene Skildheim Nes, tlf; 41 44 57 47 
  • Anne Kari Herlovsen Nes, tlf. 95 72 79 58
  • Jimmy Hilleren, tlf. 91 84 29 87
  • Bjarne Venjum, tlf.nr: 90 72 47 59

Del gjerne!
Helsing Luster Turlag, og hyttestyret ved Tungestølen


Inventar og utstyr me treng:

  • Bord og stolar 
  • Vedomn 
  • Kokeplate og kjøkkenutstyr 
  • Hyller og skap 
  • Madrasser  
  • Belysning  
  • Projektor og lerret 
  • Mange andre ting 

Skrevet av Marie Sørum 19. mai 2021