Fuglesteg Sommar 2021

- Et motiv fra Fuglesteg
- Et motiv fra Fuglesteg Foto: Torfinn Evensen

Her finn du oversikta over servering og overnatting på Fuglesteg sommaren 2021.

Me gler oss til ein ny sesong!

DUGNADSHJELP- Utover i sesongen treng me dugnadshjelp til diverse arbeid i Fuglesteg. Det kan til dømes vere: drift ei helg, maling, stirydding, slått og bærehjelp. Har du lyst og tid til å vera med?  Meld frå til telefon  480 77 262, gjerne på sms.

Me har hyttevakt disse datoane, desse dagane er det mogeleg å få enkel servering, dvs kaffi/te/saft og hellekaker med tilbehør.

Mai: 13-17, 22-24 og 29-30.

Juni: 5-6, 12-13, 19-20.

I perioden 26.juni til 15.august er faste hyttevakter til stades.

August: 21-22, 28-29. 

September: 3-4 privat arrangement, 11-12 ope.


Minner om at det ikkje er matlager i Fuglesteg, men alt utstyr som trengs for overnatting og matlaging.
Hugs å ta med drikke til turen opp.


Overnatting

Om du ynskjer å overnatta frå 26 juni og til 15 august må  du bestilla plass til Mathias på telefon 47682863 på sms.

Om du ynskjer å overnatta etter 15 august må bestilla plass av Kari, på telefon 480 77 262, gjerne med sms.


Betaling med Vipps eller kontant.

Me gjer merksam på at Corona-reglane kan føre til endringar på planane våre.



Foto: Ole Gudmun Bjørk

Skrevet av Marie Sørum 30. mars 2021