Eit godt år for Fivla

Basecamp på Fivla påsken 2014 med Sogn Turlag og DNT Ung Sogn.
Basecamp på Fivla påsken 2014 med Sogn Turlag og DNT Ung Sogn. Foto: Elin Hansson/ DNT

Til tross for eit turår fylt med avlysningar og utsetjingar har det vore eit godt år for turlagshytta Fivla i Vigdalen. 

Monge har fått augene opp for DNT hyttene det siste året og booking gjer deg trygg på å garantert få plass på hytta. I disse tider med korona er det viktig å ikkje blande kohorter, og derfor vert også førehandstinging naudvendig på hyttene. Fivla vart stengt i ein peiode frå mars-april. Men opna tidleg i mai, som nokre av dei tiligaste hyttene, da med førehandstinging på heile hyttene.

I løpet av turåret 2020 (nov 2019-okt 2020) har det vore 264 overnattinger på Fivla, noko som er ganske bra på eit år, og særleg i eit koronaår. Også november og desember 2020 har skilt seg ut som spesielt gode mnd for Fivla. Det var også folk i begge hyttene nyttårshelga, og lang venteliste! Så me trur at Fivla nå går inn i enda eit godt år!

Det er to hytter som omtalast som Fivla, begge hyttene er flotte vinterhytter og er fine utganspunkt for vintertur! Nå er det 80-90 cm snø i terrenget, og gode skimoglegheitar.

Om du ynskjer ei overnatting er det berre å førehandstinga hytta via tlf til Nils Oma (tlf. 952 26 727 ). 

Basecamp på Fivla påsken 2014.
Basecamp på Fivla påsken 2014. Foto: Elin Hansson/ DNT

Skrevet av Marie Sørum 14. januar 2021