10 fine haustturar i Luster og Sogndal

Det nærmar seg haustferie, og vi har samla ti turtips til haustturane og aktivitetane langs Sognefjorden! 


1. Fottur til store Haugmelen på Kaupanger i Sogn

Dersom bommen på Dalaker er stengt er dette utgangspunkt for turen. Derfra er det å følge vegen via Goro opp til Svådn (neste bom) der går vegen/stien opp mot høgre. Stien går over støylen Vassløysa og opp mot Haugmelen. Toppen ligg på grensa mellom Sogndal og Luster. Turen tek mellom 3 og 5 timar

Frå toppen har du ein fantastisk utsikt mot Urnes og innover Lustrafjorden. Tips: ta med sykkel og sykle på grusvegen. 

UT.no: https://ut.no/turforslag/118471


2. Tungestølen på Veitastrond- Fottur inn Austerdalen

Hausten er ein tid for kontrastar. Tenk at for berre 10 år siden var Tungestølen ein heilt anna hytte, men vart totalt øydelagt av stormen dagmar i 2011. I 2019 opna nye Tungestølen Turisthytte, og den er vel verdt eit besøk i haust. Kombiner turen med ein dagstur inn til Austerdalsbreen, og kom inn i vamren og nyt eit nydeleg lokalt måltid i haustmørket. 

Tur inn Austerdalen vert beskrevet her: https://ut.no/turforslag/118625981  
Åpningstider og pris Tungestølen: https://tungestolen.dnt.no/

Tungestølen i Jostedalen. Tatt seint september 2019.
Tungestølen i Jostedalen. Tatt seint september 2019. Foto: Ole Schanke Eikum


3. Kajakktur i Sognefjorden

Sogndal turlag har kajakkutleige i Sogndalsfjøra. Sjå meir her: https://sogndal.dnt.no/kajakkutleige/

Luster turlag har kajakkutleige i Marifjøra. Sjå meir her: https://luster.dnt.no/kajakk/

Vi kan anbefale eit besøk på fjorden, hugs å kle deg godt!

Foto: Toril Marie Mulen


4. Panoramatur til Åsetvatnet i Mørkisdalen, Luster

Ein bratt og krevjande tur til Åsevatnet og Osen i Luster kommune, Mørkisdalen. Innsatsen blir premiert med fantastisk utsikt over stølsgrendene ved Åsetevatnet og Hurrungane i Jotunheimen. Den ville og vakre Drivandefossen ligg tett ved stien på veg opp. 

Les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/118359


5. Overnattingstur til Fivla i Luster

Fivla er ein gamal fjellstøl som vart nytta av gardar på Høyheimsvik og Nes heilt nede ved Lustrafjorden. Hyttane ligg fint til over skoggrensa på ruta mellom Vigdalsstølen og Navarsete i Breheimen. Rett over ligg utsiktstoppen Fivlenosi (1466 moh.) der ein har heile Jotunheimen og mykje av Breheimen framfor seg.

Fivla er Lettast tilgjengeleg frå Vigdalen, der ein om sommaren kan køyra opp til Vårstølen på ca 700 meters høgde. Derifrå ned til elva Vigdøla og over bru. Merkt rute til kryssing med turstien Vigdalsstølen - Navarsete. Vanleg marsjfart 1 time.

Sjå meir om prisar og booking her: https://ut.no/hytte/10671

Fivla i haustdrakt
Fivla i haustdrakt Foto: Ingeborg Flaten


6. Vassvarden ved Hella Ferjekai, Leikanger

Fottur til vassvarden, som ligg på toppen av Storholtfjellet (1024 moh), er ein flott tur som gir overraskande god utsikt. På toppen har man utsikt over Sognefjorden og Vikafjell i sør, Balestrand og Galuarfjell i vest, Kvinnedalen og Hestefjellet i øst og Fjærlandsfjorden og Jostedaldsbreen i nord.

Sjå meir om turen her: https://ut.no/turforslag/119598


7. Fottur/ sykkeltur til Dueskar på Kaupangerhalvøya i Sogn. 

Dueskarvarden ligger flott til med utsikt over Fimreitehalvøya. Turen startar ved flyplassen på Haukåsen, fyrste del går langs skogsvegen til Lingesete. Der følger ein vegen utover Fimreiteåsen. Følg dei røde merkene. Vær obs når den merka stien forlater veien!

Sjå meir om turen her: https://ut.no/turforslag/118455

Landsbasecamp Tungestølen 2011
Landsbasecamp Tungestølen 2011 Foto: Sindre Thoresen Lønnes


8.  Fottur til Bergheimsnosi, på sørsida av Lustrafjorden.

Turen starter ved fylkesveien på sørssiden av Lusterfjorden, ved grusveien opp mot Bergheim. Frå turens startpunkt er det ca 950 høgdemeter før ein er på toppen. På toppen får man en luftig og spektakulær utsikt ned mot bygdene, utover og innover Lustrafjorden. 

Fjellsiden ned mot Bergheim gård er svært bratt, og det anbefales å følge sti som går ca midt på toppen og ikke gå langs kantene. Det er ingen sikring på toppen, så bruk godt fjellvett.

Les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/119221162


9. Overnattingstur til Grøssete i Sogndalsdalen

I Sogndalsdalen finn du Turlagshytta Grøssete, ca 1 times gange frå vegen langs Dalavatnet. Stien går på vestsida av elva/fossen, nokså bratt til ein er kommet forbi fossen. Herifrå på god sti fram til siste bakken som er litt bratt.

Grøssete er ein støl med nokre stølshus og hytter. Det røde stølshuset er Sogndal Turlag si hytte. Hytta er eit godt utgangpunkt for vidare tur i området! 

Sjå pris og booking hjå Grøssete her: https://ut.no/hytte/10939


10. Dagstur til Flatbrehytta i Fjærland

Flatbrehytta er en privateid selvbetjent høyfjellshytte som ligger et steinkast unna Flatbreen, 994 høydemeter over Fjærland. De to hyttene ble bygget i 1954 og 1964, og er fine turmål for dagstur!

Stien opp til Flatbrehytta er bratt og tidvis krevjande. Sjå meir om turen her: https://ut.no/hytte/10766

Utsikten frå Flatbrehytta
Utsikten frå Flatbrehytta Foto: Lene Kleppo

Skrevet av Marie Sørum 23. september 2020