Svendsøy-Øyabotn-Øvstestølen-Ormelid - Turen er avlyst

Ormelid
Ormelid

Turen er avlyst!

Dette blir ein annan veg enn den vanlege til høgdegarden Ormelid. Me går inn frå Svensøy langs Fortunselvi til Øyabotn og følgjer ryggen opp Svensøyholten. Det er stadvis nokså bratt, og ein går heilt opp i nær 900 meters høgd for å koma til Øvstestølen, som var vårstølen til Ormelid saman med Nedstestølen nærare garden. Å koma til Ormelid no er svært spanande, ettersom det eine huset etter det andre blir restaurert. Om du ikkje har vore her før, så slå deg med på denne turen!
Start frå vegen innafor Svensøy kl 10.00
Kjentmann: Jakob Øygard, 990 42 131

Skrevet av Tore Sønnesyn 12. september 2020