Overnatting på Fuglesteg

Husa i Fuglesteg
Husa i Fuglesteg Foto: Stein Bugge Næss

Steinstova i FUGLESTEG er open for servering av hellekaker med og  drikke. Servering mellom kl 11 og 17 kvar dag når hyttevakt er til stades. 

Luster Turlag gler seg til å ta imot dagsbesøk og overnattingar i alle helgar (langhelgar) frå 16 mai til og med haustferien.

Frå 20 juni til 9 august er det ope alle dagar. Ein må bestille overnatting. Dette gjer ein ved å sende SMS til Kari Ødegård 48077262. 

Når hyttevakt ikkje er til stades er bygningane stengde for dagsbesøk, men toaletta er opne.

Vi fyljer DNT sine Corona-råd som no kort er:

• Booking. For å overnatte må du bestille og betale på førehand. Betal på Vipps nr 106547.

• Nokre endra regler for matlaging og vask.

• Det blir maks 3 grupper kvar natt.

Ta med det du treng av mat, Fuglesteg har ikkje matvare-lager.

Ver merksam på at rutinane kan bli endra på kort varsel.


Steinstova er i tillegg ei ubetjent hytte etter DNT- standard for overnatting.

Kom til Fuglesteg, nyt turen og den flotte utsikten!


VELKOMMEN OPP!

Skrevet av Tore Sønnesyn 4. august 2020