Utlån av kajakkar

Kajakk
Kajakk Foto: Tore Sønnesyn

Me set utruleg stor pris på at mange brukar kajakkane våre. Etter at naustet opna att etter "Coronapusen" har det vore mange som har vore innom og leigd kajakk.

Me har i sommar fått mange spørsmål angåande leige av kajakkar. Her er svaret på nokre av dei spørsmåla:

  • Du må ha DNT sin standardnøkkel for å få tilgang til kajakkane.
  • Kajakkane finn du på Eikjastrondi. Ca 5 km frå Marifjøra til enden av vegen.
  • Du kan ikkje førehandsbooka kajakkar. Det er "først til mølla"!
  • Me har ti single kajakkar og tre doble.
  • Sjå elles meir info om leige av kajakkar på kajakksida vår - https://luster.dnt.no/kajakk/


Skrevet av Tore Sønnesyn 23. juli 2020