Prosjektstilling

Kajakk
Kajakk Foto: Tore Sønnesyn

Luster Turlag og Sogndal Turlag er begge turlag med mange medlemmer og stor aktivitet.  Sogndal opplever stor vekst og Luster har nett bygd opp turisthytta Tungestølen.  Vi går no saman om ei 1-årig prosjektstilling på 50 prosent.

Arbeidsoppgåver:

•          Informasjonsarbeid og profilering av turlaga

•          Dagleg oppfølging av drift og økonomi

•          Søknadsskriving og rapportering

•          Støtte til styret, grupper og frivillige

•          Legge til rette for aktivt friluftsliv


Ønska kvalifikasjonar:

•          Erfaring frå og innsikt i frivillig organisasjonsarbeid

•          Administrativ - og profileringserfaring

•          Gode kunnskapar om regionen

•          God mediekunnskap

•          Ryddig, sjølvstendig , samarbeidande og fleksibel


Turlaga har som føremål å arbeida for eit enkelt, aktivt, sikkert og naturvenleg friluftsliv. Til saman har vi kring 2000 medlemmer og undergrupper som  arbeider mot barn (Barnas Turlag),  ungdommar (DNT UNG), personar med utviklingshemming (FTU) og seniorar (Gålaget).  Turlaga driv fem hytter, Grøssete, Fivla, Fuglesteg, Tungestølen og Eikjabu, i tillegg til to kajakknaust der me tilbyr utleige av kajakk. Dette krev at vi er aktive på sosiale medium. 

Søknad sendast til leiar for Sogndal Turlag (ove.ellingsen@hotmail.com) og Luster Turlag (ole.hermann.meloy@vlfk.no) innan 20 juli.


Skrevet av Tore Sønnesyn 30. juni 2020