Nytt vertskap på Tungestølen turisthytte

Tungestølen Turisthytte
Tungestølen Turisthytte

Luster Turlag har no nytt vertskap på Tungestølen Turisthytte. Det nye vertskapet tiltrer på vårparten og turisthytta vil opne for gjester tidleg i juni.

Tungestølen Turisthytte vart offisielt opna hausten 2019. Det er ei hytte som tilbyr servering med frukost, lunsj og middag, og overnatting for dei som ønskjer det. Anlegget har felleshus med plass til 50 personar, sovesel med 21 sengeplassar, servicehus med dusj, toalett og turkerom, samt småhytte med 4-6 sengeplassar. 

Luster Turlag har no tilsett Rune Hilleren Dokken og Mette Grøsland som vertskap på Tungestølen Turisthytte. Det nye vertskapet tiltrer på vårparten og turisthytta vil opne for gjester tidleg i juni. Rune har lang og solid praksis frå marknadsaktivitetar i Bergans, til dømes ulike festivalar som Vinje Rock og Fjellsportfestivalen i Sogndal, samt andre større initiativ som 71*Nord. Han kjenner òg DNT sin organisasjon som er ein viktig partnar for Bergans. 

Mette har erfaring frå marknadsarbeid og har arrangert festivalar, events og campar både her i landet og i utlandet. Ho driv sitt eige yoga-studio i Hokksund.

Rune sin familie har sine røtter frå Veitastrond, og dei har feriehus der.

 - Luster Turlag er svært nøgde med at Rune og Mette har sagt ja til å ta på seg drifta av Tungestølen Turisthytte. Me er sikre på at anlegget no er i dei beste hender og ser fram til ein god sesong, seier leiar i Luster Turlag, Ole Hermann Meløy

Kontaktpersonar Luster Turlag

Ole Hermann Meløy, leiar i Luster Turlag, tlf 90691624

​​​​​​​Vertskap på Tungestølen Turisthytte

Rune Hilleren Dokken, tlf 90973567

Mette Grøsland, tlf 93613771

Mette Grøsland og Rune Hilleren Dokken
Mette Grøsland og Rune Hilleren Dokken

Skrevet av Tore Sønnesyn 12. mars 2020