Fellestur UNG til Skogadalsbøen

DNT- Ung på Skogadalsbøen
DNT- Ung på Skogadalsbøen

Sognefjellshytta-Skogadalsbøen-Vetti, 22.–23. august.


Luster Turlag betalar opphaldet på Skogadalsbøen for deltakarane våre, så
MELD DEG PÅ UNGTUREN TIL SKOGADALSBØEN!

Ung Sogndal, Ung Luster og Ung Indre Sunnfjord inviterer til overnattingstur, i samarbeid med SFT Ung, med start frå Sognefjellshytta og ned Vetle-Utladalen til Skogadalsbøen. Her vert det god mat og kjekk samling på DNT-hytta laurdag kveld. Søndag går turen vidare nedover forbi Vettismorki, Vetti og ned til parkeringa i Utladalen. Felles avreise frå Sogndal med buss kl. 08.35 (laurdag). Oppmøte ved Skysstasjonen. Returtransport frå Utladalen vert organisert. Kart: Turkartet for Luster eller 10056 Bygdin i Norge-serien. Påmelding og ytterlegare informasjon: SFT Ung Espen Bruun, 995 10 666, innan torsdag 20. august. Turleiarar: Knut Kalhagen, Åsa Lerum, Sigurd Ask og Espen Bruun. 


http://www.rutebok.no/NRIIISStaticTables/Tables/ruter/t/23-190.htm

Skrevet av Ingeborg Flaten 12. august 2015