Flott påsketur til Sognefjellshytta

Hopping ved Sognefjellshytta
Hopping ved Sognefjellshytta Foto: Tore Sønnesyn

    Langfredag reiste Luster Turlag på skitur frå Huldehaugen til Sognefjellshytta.

Fem vaksne og seks ungar var med på den omlag 12,5 km lange skituren frå Huldehaugen til Sognefjellshytta.

På hytta vart me møtt av eit hyggeleg vertskap som tok godt vare på oss. Påskeafta brukte me i nærleiken av hytta. Hopping, skiturar, snøholegraving m.m. God lunsj med heimelaga tomatsuppe og elgpølse. På ettermiddagen var det påskeskirenn ved hytta. 1. påskedag gjekk turen heimover att . Luster Turlag takkar alle som var med på turen for hyggeleg turfølgje, og ein særleg takk til vertsskapet på Sognefjellshytta. Me kjem igjen.....