Onsdagstur til Stuaflåten

Stuaflåten
Stuaflåten

Onsdag 3.juni hadde turlaget kveldstur til husmannsplassen Stuaflåten i bratta mellom Mollandsmarki og Lustrafjorden.

Dei tretten som var med, fekk oppleva den krevjande vegen ned, det heilt spesielle bruket på ei hylle i fjellsida og inspirerande forteljing av den som etter kvart kjenner Stuaflåten og historia der best, Vidar Lægreid.

Stuaflåten
Stuaflåten

Skrevet av Tore Sønnesyn 3. juni 2015