OBOS støttar Nye Tungestølen

OBOS støttar Nye Tungestølen Turisthytte med 100.000 kroner!


Vi kjenner OBOS mest som bustadbyggjarlaget i Oslo, men OBOS sine medlemmar har forkjøpsrett til over 90.000 bustader i dei største norske byane. OBOS sin miljøstrategi er å verte sjølvforsynt med fornybar energi frå eigne kraftverk, og derfor investerer OBOS mellom anna i småkraftverk på Veitastrondi. Gjennom ordninga «OBOS gir tilbake» får Nye Tungestølen Turisthytte 100.000 kroner, og vi er svært glade og takknemnlege for støtta frå OBOS. Vi håpar sjølvsagt at mange OBOS-medlemmar finn vegen til Nye Tungestølen Turisthytte!

Les gjerne meir om OBOS på lenka.
https://www.obos.no/dette-er-obos

OBOS er Noregs største bustadbyggjarlag og bustadforvaltar, ein av Nordens største bustadbyggjarar og eit samvirkeføretak som er eigd av medlemmane. Ved utgangen av 2018 hadde OBOS 454 442 medlemmar– det høgaste talet nokon gong.

Skrevet av Tore Sønnesyn 3. april 2019