Måneskinstur til Raudbergsholten

I dag fekk vi påfyll av puddersnø - er du klar for årets første skitur saman med Luster Turlag?



Stølane på Flatningane i framgrunnen og Indre Hafslo bak frå Stordalshornet
Stølane på Flatningane i framgrunnen og Indre Hafslo bak frå Stordalshornet Foto: Stein Bugge Næss

Søndag 20. januar prøver vi med måneskinsntur til Raudbergsholten, via Flatningane. Frammøte ved Prix Gaupne kl. 17, for samkøyring opp i Engjadalen. Vi gjer opp bål, så ta gjerne med deg pølser for grilling etc.

Hugs å ta med hovudlykt.

Turleiar er Melchior Kalhagen og kjentmann er Nils Oma.

...

Velkommen til å bli med!

Skrevet av Tore Sønnesyn 13. januar 2018