Tuftanovi

Innover frå Tuftene til Tuftanovi
Innover frå Tuftene til Tuftanovi Foto: Stein Bugge Næss

Gode vermeldingar for søndagen. Turen går som planlagt.

...........

Søndag 12. august går turen til Tuftenovi, som er ein del av Topptrimmen. Turen startar på Anestølen, fremst i Sogndalsdalen. Derifrå er det ein lang og interessant tur i høgfjellet over til Eldedalen og Veitastrondsvatnet. Turen vil truleg ta 10 - 12 timar, så det er viktig å vere i god form.




Turen er i samarbeid med Sogndal Turlag. Vi fyller opp bilar frå Hafslo og Sogndal for å køyre til Anestølen, og det vert returtransport med buss frå Veitastrond til Hafslo/Sogndal/Anestølen. Pris vaksne: 150kr og barn: 75 kr.
- Avreise YX Hafslo kl. 08:00
- Avreise Ingafossen, Sogndal kl. 08:20
- Turen startar frå Anestølen kl. 08:45.

Det er påmelding til turleiarane Ole-Hermann Meløy (906 91 624) eller Anne Kari Herlofsen Nes (957 27 958), slik at vi kan få organisert transporten. Frist fredag 10.08.18

Sjekk nettsida kvelden før turen, i tilfelle endringar på grunn av vèrforholda.

Skrevet av Tore Sønnesyn 10. august 2018