Kryssing av Jostedalsbreen

Med Midtre Nordfjord Turlag til Lodalskåpa i 2007. Brekryssinga til LuT passerer forbi her, like før nedstiginga i Brattebakken til Bødalsetra.
Med Midtre Nordfjord Turlag til Lodalskåpa i 2007. Brekryssinga til LuT passerer forbi her, like før nedstiginga i Brattebakken til Bødalsetra. Foto: Midtre Nordfjord Turlag

Turlaget sin årlege kryssing av Jostedalsbreen går denne gongen frå Fåbergstølsbreen til Bødalseter, laurdag 7. juli med start i buss frå Prix Gaupne kl. 6.00.

Breførar og kjentmann er Anders Leirdal. Påmelding skjer til turleiar Anne Kari Herlofsen Nes på mobil 957 57 958. Busspengar er kr. 600. Turen er berekna til å ta 12 timar og krev god fysisk form.

Vi går opp langs den flotte Fåbergstølsbreen, før det vert ei lang snøvandring forbi Brenibba og bort til Ståleskaret under Lodalskåpa. Vidare går turen ned Brattebakken og i avsatsar ned til Bødalsseter. Bussen køyrer deltakarane framover Jostedalen, og hentar att ved Lovatnet i Stryn. Dette er ei uvanleg fin tur og brekryssing, men i tilfelle dårleg vêrmelding, vert turen avlyst.


Skrevet av Tore Sønnesyn 3. juli 2018