Konsertar i Fuglesteg

Fuglesteg
Fuglesteg

I juli blir det fleire flotte konsertar i Fuglesteg.

Laurdag 14. juli blir konsert med Liv Kreken, vår eminente låtskrivar, sangar og musikar frå Jostedal.  Ho har med seg gitaristen Vegard Iversen.  Liv har gitt ut to album: Søt og Snill i 2010 og Dim Sum i 2016, og har fått rosande omtale i både  inn-og utland.

 

Fleire songar er omsette til svensk, og julesongen Snøenglar til dansk og tysk i tillegg.  Ho har fått låtskrivarklubben Nye Skaldars ærespris

og motteke stipend frå Norsk komponistfond. 


Søndag 29. juli (olsokdagen) blir det konsert med Linda Gytri Trio. Ho har med seg dei to musikarane som ho spelte inn siste plata si med, finske Timo Alakotila på piano og  telemarkingen Anders Bitustøyl på kontrabass.  Linda - som kjem frå Stryn- er ein eminent trekkspelar og komponist, som ga ut plata Umbra i 2012 og den siste, som har fått tittelen Audire  i 2015.

 

Liv Kreken
Liv Kreken

Skrevet av Tore Sønnesyn 27. juni 2018