Opning av dagsturhytta på Ytre Eikjo

Dagsturhytta
Dagsturhytta Foto: Ole Schanke Eikum

Invitasjon til opning av dagsturhytta Eikjabu, laurdag 12. mai kl. 13.00

Det vert lagt opp til ein times program med offisiell opning av dagsturhytta, kulturinnslag og helsingar frå dei som har vore involvert i etablering av dagsturhytta. Og det vert sjølvsagt høve til å sjå hytta på vårlege og idylliske Ytre Eikjo. Etter at sjølve programmet er over tek vi oss tid til ei sosial økt med mat og drikke: Ta med turmat og grillmat - turlaget vil ha varme bålpanner for grilling, servere "bål-kaffi" og varm og kald saft.

Du kan sjølvsagt komme deg til Ytre Eikjo med eigen båt eller kajakk, men det er avgrensa høve til å setje frå seg båten ved land.

For dei som ikkje har eigen båt/kajakk, har vi satt opp transport frå Marifjøra med RIB-båtar frå Adventure Tours Norway (minimum alder er 4 år). Det er førebels satt opp to avgangar kl. 12.00 og 12.05, med eigenbetaling på 150 kroner for vaksne og 100 kroner for born (4 til 14 år). Adventure Tours Norway stiller med varmedressar (for dei som ønskjer dette) og redningsvestarar. Tur med RIB må bestillast på førehand og dette kan gjerast alt no, på vedlagte lenke under (bestillinga/bookinga er dels på engelsk, men vi håpar dette går fint å forstå).

https://adventure-tours-norway.trekksoft.com/en_GB/activity/186648/special-event-rib-transport-til-opning-av-dagsturhytta-eikjabu

For dei som har ungar under 4 år, jobbar vi med å tilby båt-transport frå Vedvik. Ta kontakt på lusterturlag@gmail.com om du ønskjer slik transport.

Del gjerne denne posten, slik at fleire får vite om opningsarrangementet!

Vi håpar verkeleg du har høve til å vere med oss på opninga av dagsturhytta og oppleve fjorden og Ytre Eikjo denne dagen!


Ved hjelp av Sparebankstiftinga og spelemidlar vert det bygde dagsturhytter i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Luster har valt å plassera si hytte ved Lustrafjorden på veglause Ytre Eikum, eller Eikjo i daglegtalen. Hytta er tenkt for dagsbesøk, men ein kan gjerne vera der heile dagen, for inne blir det eit lite bibliotek med nynorskbøker som ein kan kosa seg me på denne eineståande vakre og fredlege plassen.