Mange små og store kom seg ut og feira DNT 150 år

Kom deg ut dag 2018
Kom deg ut dag 2018 Foto: Ole Schanke Eikum
Foto: Ole Schanke Eikum
Har bestefar laga nok fart?
Har bestefar laga nok fart? Foto: Ole Schanke Eikum
Flott jubileumskake frå Spar Gaupne
Flott jubileumskake frå Spar Gaupne Foto: Solveig Seim Lysne

Meir enn 300 var innom KDU-dagen på Heggmyrane. Det var rigga til akebakkar ved sidan av grillhytta og idrettslaget Bjørn stod for skileiken. Det var også sporløp langs langrennsløypa med spørsmål til både vaksne og born – alle som deltok fekk ein matboks med DNT sin 150 års-jubileumslogo.

Meir enn 250 grillpølser vart server frå grillhytta under arrangementet, og i tillegg vart det server både hamburger og grilla fiskekaker
Meir enn 250 grillpølser vart server frå grillhytta under arrangementet, og i tillegg vart det server både hamburger og grilla fiskekaker Foto: Ole Schanke Eikum

Det var kjøpt inn to store bursdagskaker i høve DNT sitt 150 års jubileum - dei 250 tallerkenane innkjøpt til føremålet vart alle tatt i bruk og resten av kakene måtte etast i serviettar! Også dei 250 grillpølsene forsvant fort, og i tillegg hadde vi burgere og fiskekaker på grillen.

Været var heilt ok, lett skydekke med nokre kuldegrader og tørr nysnø i løyper og bakkar. Takk til Barnas Turlag og DNT Ung i Luster for eit vellukka arrangement

Skrevet av Ingeborg Flaten 23. januar 2018